I UTVIKLING: Det har skjedd mykje i Jønnbu-området dei siste åra.
I UTVIKLING: Det har skjedd mykje i Jønnbu-området dei siste åra. FOTO: Øystein Akselberg

Det er ikkje sikkert at det bare er bra å vere ukritisk ja-kommune

Å vere ein «ja-kommune» har blitt lagt fram som fyndord i Bø i fleire tiår, og slik har det fortsett etter at Bø og Sauherad blei slått saman til den nye kommunen Midt-Telemark. Dei som har bruka dette omgrepet har gjerne gjort det i samband med nyetablering og utvikling i kommunen: Ein vil helst seie ja her!

For dei som vil investere, satse og byggje nytt har det vore herleg å kome til vår region, for her har ein gjennom åra blitt møtt med opne armar og lite stilleståing i administrasjonen. Byggjesaker har ofte gått lett og raskt gjennom systemet, som oftast godt støtta frå politisk hald, og det har skjedd ting her. Bø, og etter kvart Midt-Telemark, har fossa framover i utvikling og det eine bygget etter det andre har reist seg. Me opplever folkevekst og bygdesamfunnet utvidar seg og står støtt aleine. Bortsett frå nok arbeidsplassar har me det meste me treng her, takka vere mange ja.

Planen for framtidas Lifjell blir nå lagt fram: – Alle kan meine noko om den

Det er bra å vere ein ja-kommune, der ein blir møtt med eit positivt utgangspunkt og velvilje. Det betyr likevel ikkje at ein er bakstreversk og motstandar av det lykkelege liv i Midt-Telemark viss ein seier nokre nei også. Kloke, gjennomtenkte og kritiske blikk skadar ikkje i det heile tatt. Ein kan gå i mange feller ved å hoppe på alt som ser gøy ut og brase framover utan overblikk. Det finst det mange eksempel på. Ein skal bare ta ein kikk på dispensasjonar og nedbygd matjord i vår kommune for å skjønne at ikkje alle ja er like kloke.

Turlaget: – Me må verne friområda, Lifjell er innmari lite

I år skal politikarane som bestemmer og tar viktige avgjersler på vegner av rundt 10.900 innbyggjarar i Midt-Telemark jobbe med den nye Lifjell-planen. Den skal leggje føringar for den framtidige utviklinga av det sørlegaste høgfjellet i Noreg. Her må ein ta mange omsyn, og truleg vil ein sjå både harde frontar og steile stammar i debatten.

Hyttekongen gyv laus på den nye Lifjell-planen: – Dette heng ikkje på greip

Kritisk til Lifjell-plan: – Her er det eine hytteområdet etter det andre røska ut

Mange har økonomiske interesser på Lifjell, og ny kunnskap og forsking viser at ein også må gjere tøffe val viss ein vil ta vare på naturen for framtida. Dei folkevalde må derfor halde tunga rett i munnen, passe på eigen habilitet og ta vegde val som er bygd på kunnskap og balansert vurdering når ein arbeider med planen. Ein kan ikkje slakte noko som helst før ein har sett seg grundig inn i saka, og i alle fall ikkje bruke ja-kommune eller nei-kommune som verbal hersketeknikk mot dei som stiller kritiske spørsmål eller vil gå ein annan veg enn ein sjølv.

Stadig fleire meiner at me byggjer ned for mykje natur