TRAKTOR ER HOVUDPILAR: F.v. butikksjef Olav Versto Roheim, dagleg leiar Ivar Soterud, verkstadmeister Gunnar Stenstad og salssjef Widar Johannessen samla ved ein Deutz-Fahr 7250 Warrior, ein toppmodell til rundt 2,3 millionar kroner.
Øystein Akselberg
Her har det gått i traktor i 60 år: – Har aldri hatt raude tal
Traktor- og maskinbedrifta i Lundevegen har levd eit nomadeliv i Bø sidan starten i 1967. Traktor er fortsett det viktigaste produktet, men lokalmarknaden er i vekst.
Oppstarten var i den gamle BP-stasjonen i Bøgata 33, der Det Gule Hus held til i dag. Sidan har bedrifta hatt tilhald på fire ulike plassar i Bø, før den i 2014 landa i Lundevegen 31.