MIDT-TELEMARK: Folkestad skule.
MIDT-TELEMARK: Folkestad skule. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Skal ein leggje ned ein skule, bør ein også ha ei kvalitativ vurdering

Kommunen skal spare pengar, og da må ein lette på kvar ein stein. Slik er det med økonomi; ein kan ikkje bare ture på viss tala er raude. Ein må prøve å rette opp og finne område der ein kan hente inn det ein manglar – viss det i det heile tatt er realistisk. Har ein ikkje nok pengar til å leve det livet ein vil, må det kutt til. Det gjeld alle avdelingar, uansett kor vondt det er.

Nokre gonger kan det også vere vanskeleg å finn smutthol og sjå nye løysingar fordi det rett og slett er komplisert, og fordi ein ikkje har ressursar nok til å sjekke stoda god nok. For det er dét ein må gjere når ein skal kutte så det svir: Finne ut korleis det eigentleg har seg, og etter det kor mykje ting vil løne seg i lengda. Og ein må vere nøye.

Det er mange flinke folk som jobbar i kommunen, og som har harde arbeidsdagar for tida. Dei heng i stroppen for å kutte kostnadar, omprioritere, avvikle og lage det ein så fint kallar arbeidspakker. Det er ikkje alltid like lett, og dei som må ta oppdraget med å bruke sparekniven kjem til å få kjeft – garantert. Slik er det bare.

Helse og oppvekst er sårbare avdelingar å kutte i, fordi det går så direkte på innbyggjarane som får kjenne endringar og kutt på kroppen. Det er dessutan menneske som er dei mest sårbare i kommunen vår. Også her har ein kuttkrav, og det blir nå leita med lys og lykt for å sjå nye løysingar. Oppvekstsjefen fekk nyleg ja til sjekke skulestrukturen i kommunen for å sjå om det er muleg å spare pengar på til dømes å leggje ned Folkestad skule. Viss det blir gjort på ordentleg vis, utan at ein har bestemt seg for resultatet på førehand og slik at alle fakta kjem på bordet, er det sjølvsagt fornuftig å ha denne gjennomgangen. Det som er viktig i denne saken er likevel å ikkje gløyme ein del viktige faktorar.

Ein ting er å spare pengar, men i alle slike saker må ein òg vurdere det som ikkje bare handlar om kroner og øre. Folkestad skule har ein heil del kvalitetar som er unike. For det første er det ikkje ein pitteliten grendeskule, men det mange kallar ein skule med «perfekt storleik». Store delar av skulen er bygd på dugnad av foreldre, og den har ei unik plassering tett mot fine naturområde. Med rett styring og nok administrative ressursar kan verda forsatt vere god i kommunen sin eldste skule. Dei som skal bestemme må verkeleg heller ikkje hoppe bukk over nynorsksatsinga på denne skulen – det skulle tatt seg ut!

Når ein skal sjå på framtidig skulestruktur, bør ein vurdere kvalitativt like mykje som kvantitativt. Og ikkje minst tenkje på førsteklassingane som kanskje ikkje før det er sommar får vite kva for ein skule dei skal gå på. Legg ein ned Folkestad skule må det verkeleg vere verdt det, og nok pengar å spare.