PAUSE: Tidlegare Vålerenga-trenar Dag-Eilev Fagermo.
Marie Olderkjær
Har det fint heime: – Eg trong pause og stressar ikkje med ny jobb, men tilbod har eg hatt
I fjor vart det brot mellom Vålerenga Fotball og trenar Dag-Eilev Fagermo. Etter å ha jobba som trenar i diverse klubbar i rundt 25 år, flytta Fagermo frå Oslo og heim til Akkerhaugen.
– Etter at det vart slutt i Vålerenga, har eg eigentleg vore mest heime på Akkerhaugen. Eg har fått jobba ein del på eigedomen, pussa opp og trent. I tillegg har eg fått slappa av ein del, seier Fagermo.