Bø sjukeheim Illustrasjonsfoto
Bø sjukeheim Illustrasjonsfoto FOTO: Marta Kjøllesdal

– Dei krev eit anstendig arbeidsliv – det er da aldeles ikkje for mykje forlanga

Leser med interesse i dagens papirutgåve av Bø blad innlegget til Fagforbundet Vestfold og Telemark. Dei reiser spørsmål om langvakter i helsesektoren sett i lys av frivilligheit og forsvarlegheit.
https://boblad.no/2024/03/03/lange-vakter-den-nye-normalen/
Er langvakter i ferd med å bli den nye normalen? Er den frivillig, og har ordninga så langt vore tufta på reell og kva med framtida? Kva skjedde med normalarbeidsdagen?
Slik eg har skjønt det skjer det store ting i kommunesektoren når det gjeld arbeidstid, bemanning og turnusplanlegging.
Tørn er eit prosjekt i regi av KS der Midt-Telemark kommune er med.

Her prøver ein å løyse dagens og ikkje minst framtida sine enorme utfordringar i helsesektoren knytta til bemanning. Dette skal mellom anna skje ved at fleire tilsette må jobbe fleire timar på helg.

MEINING: Merete Kaste. FOTO: Hilde Eika Nesje

Desse personane får tittelen kontinuitetsberarar. Muleg det blir ei tung bør å bere. Gulrota er lengre friperiodar. Og dagens arbeidstakarar set fri høgt. Slik sett er det ein match her, men som Fagforbunder peikar på; Det er vel dokumentert at turnusarbeid er belastande. Lange vakter aukar risikoen for feil. Ein treng lengre tid på hente seg inn etter å ha jobba for halvannan person ei helg.
Kan alle klare dette? Er det for alle uansett alder og helsetilstand å jobbe langvakter?
Eg støtter Fagforbundet si uttale om at dei må ta vare på heile laget. Dei krev eit anstendig arbeidsliv der arbeidsmedisinsk forskning blir tatt på alvor. Det er da aldeles ikkje for mykje forlanga.