SKEPTISK: Sigbjørn Hjelmbrekke (Raudt) har sagt at han er skeptisk til nedlegging av Folkestad skule.
SKEPTISK: Sigbjørn Hjelmbrekke (Raudt) har sagt at han er skeptisk til nedlegging av Folkestad skule. FOTO: Øystein Akselberg

– Me må få ein god prosess rundt Folkestad skule, tempoet er uforsvarleg

Bruk tid! Ei eventuell skulenedlegging krev grundig utgreiing og skikkeleg tilrettelegging.

Midt-Telemark kommune slit med økonomien, og me kjem ikkje utanom å gjera kutt som gjer vondt. I arbeidet med å finna dei minst vonde plassane å kutta, så blir det også greidd ut om Folkestad skule skal leggjast ned.

Høg temperatur da Pia møtte Folkestad-foreldre

Det kan vera faglege og sosiale argument både for og mot nedlegging av skulen. Me ventar på argumenta. Når det gjeld økonomien i dette, så veit me politikarar ikkje noko om det endå. Dette vil den pågåande utgreiinga seia noko om, og høyringsinnspela vil supplera dette.

Eg meiner det er riktig å vurdera om ei samanslåing av skulane er aktuelt. Men tempoet i tidsplanen er altfor høgt. Planen er at dersom alt går på skjener, så skal elevane frå Folkestad inn på Bø skule alt frå august i år. Dette er ikkje berre ein stor overgang for elevane på Folkestad, men også for ungane på Bø skule. Det blir store endringar i alle klassar på alle trinn. Elevane går ut i sommarferie utan å vita kven dei skal gå i klasse med til hausten, eller om dei framleis skal ha den læraren dei er glade i.

Stor skepsis og bekymring ved skulen: – Det osar av hastetiltak

FAU ved Bø skule møtte oppvekstsjefen: Bekymra for planer om nedlegging

Ved overgang frå barnehagen til skulen er det eit stort arbeid med skulebesøk, fadderordning og anna innsats for å sikra ein god og trygg overgang. Ikkje noko slikt arbeid ligg inne i planen for rask samanslåing av skulane.

Det er eit særs stort arbeid som skal gjerast med planlegging av ein ny storskule. Det arbeidet må vel nokon gjera på overtid i sommarferien.

Meiner det er plass til elevane frå Folkestad på Bø skule

Tempoet i samanslåinga meiner eg er uforsvarleg. I kommunestyremøtet i mars bør politikarane endra tidsplanen før framlegget går på høyring. Etter høyringsrunden skal politikarane ta stilling til nedlegging. Dersom kommunestyret går inn for dette, og det er ikkje sikkert, så bør samanslåinga setjast i verk først i august 2025. Skulane, elevane og foreldra bør få eit år til å leggja planar, tilpassa lokale og få gjort overgangen så god som mogleg for alle.

– Ungane er det mest verdifulle me har. Skjerm dei for sparekniven