MIDT-TELEMARK: Gvarv skole.
MIDT-TELEMARK: Gvarv skole. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Me er skeptiske til at skulestruktur skal endrast utelukkande med motiv i økonomi

Eg les i media at SV visst nok har vore med på å foreslå å legge ned Folkestad skule og flytte ungdomsskulane til Storkaas. Eg må seie som politikarar flest; Dette kjenner eg meg ikkje att i.

Fekk fullmakt til å sjå på skulesamanslåing: Handlar i praksis om nedlegging av Folkestad

Det eg kjenner meg att i er at SV og resten av kommunestyret har gått med på å gje kommunedirektøren fullmakt til å sjå på strukturen innanfor oppvekst- og pleie og mestringssektoren.

Strukturendringar er noko som vurderast ganske kontinuerleg. Strukturendringar har vore gjort gjennom heile den nyare historien, både i gamle Bø og i Sauherad. I diskusjonen rundt samanslåinga av desse kommunane var strukturendringar heilt sentralt. Dei førespegla gevinstane skulle i stort monn bli realisert gjennom strukturendringar.

Stor skepsis og bekymring ved skulen: – Det osar av hastetiltak

I ordskiftet den gong som no,blei det preika på ekte politikarvis at «alle steinane skulle vendast» for å finne innsparingspotensial. Eg var då så freidig at eg ville finne ut om det var nokre heilage steinar som ikkje skulle vendast. Som døme drog eg fram at me i den nye kommunen på vel 10 000 innbyggjarar ville ha to ungdomsskular.

MEINING: Per Atle Einan, Sosialistisk Venstreparti (SV). FOTO: Marta Kjøllesdal

Eg forsto fort at det var eit dumt spørsmål. I den grad ein skulle vurdere ein ungdomsskule, så ville diskusjonen om kor den skal ligge dukke opp. Den ville bli umogleg. Eit regionsenter utan ein nærliggande ungdomsskule ville vere utenkeleg for Bø. Å fjerne enda eit offentleg tilbod frå Sauherad-delen, like utenkeleg. Det politiske kompromisset kunne fort blitt ein ungdomsskule på Storkaas, om innteninga var positiv. Det ville i alle andre høve vore det verste resultatet både for tettstaden Gvarv, omlandet, regionsenteret, elevar og lærarar. Men det er jo ikkje alltid at slikt blir vektlagt på lik linje som ein økonomisk gevinst.

Framleis finst det steinar som ikkje skal vendast i jakta på innsparingspotensial. Det er nok like greitt, men fint å ha i mente neste gong ein politikar snakkar om å snu alle steinane. Eg lovar at eg ikkje skal spørje etter nokre heilage steinar meir. Det blir fort berre grus og småstein av slikt.

SV er i utgangspunktet svært skeptisk til at skulestruktur skal endrast utelukkande med motiv i økonomi. Me meiner det skal vere gode pedagogiske grunnar til å endre ein skulestruktur.

Så er det også viktig å hugse på at endring av skulestruktur ikkje automatisk betyr nedlegging av ein skule. Det kan òg betyr endring av skulekretsar. Det kan og gje effektar me ikkje ser føre oss før det er undersøkt.

Kva gjeld strukturendringar innanfor pleie og meistring, så skal eg vente til nokon andre spør om me har for mange sjukeheimar, før eg seier noko.

– Smak på det: Tre veker før sommarferien skal politikarane bestemme seg for nedlegging til hausten eller ikkje