K
Aleksander (24) frå Gvarv i kinoaktuell krimkomedie
Fredag er filmfotograf Aleksander Haugdal (24) på festpremiere for «Døde menn går på ski» på Colosseum kino. Laurdag går turen til Bø for å introdusere filmen på hans gamle favorittkino.
Kulturhussjef Trine Brox rullar ut den røde løparen når Aleksander Haugdal kjem heim til Midt-Telemark og Bø kino laurdag kveld. Her skal han halde innleiing og fortelje om arbeidet med «Døde menn går på ski», før filmen snurrast i gang.