KOKING: Tilrår å koke drikkevatnet.
KOKING: Tilrår å koke drikkevatnet. FOTO: Øystein Akselberg, arkivfoto

Drikkevatnet trygt igjen, men kan vere ustabilt

Kommunen melder at drikkevatnet i Breisås er trygt å drikke igjen.

Onsdag gjekk det ut melding til innbyggjarane i Midt-Telemark om at ein større vasslekkasje hadde oppstått i Bø. Kommunen har derfor tilrådd dei som bur i øvre deler av Breisås til å koke drikkevatnet.

I dag melder teknisk eining at dette ikkje lenger er nødvendig.

Kan oppleve luft i røyra

– Resultat av vassanalysar viser at kvaliteten på drikkevatnet er god og at det ikkje lenger er nødvendig å koke det i øvre deler av Breisås, heiter det frå kommunen.

Det blir opplyst om at abonnentane vil kunne oppleve luft i vassrøyra.

– For å betre dette kan ein setje på utekrana og la den stå på til vasstrykket er stabilt, melder teknisk eining.

Må koke vatnet i deler av Bø