NESODDEN: Utsikt mot Norsjø (illustrasjonsbilde).
NESODDEN: Utsikt mot Norsjø (illustrasjonsbilde). FOTO: Øystein Akselberg

Mann i 30-åra døydde: Du vil ikkje tru kva som skjedde etterpå

Korleis kan ein seie noko meiningsfullt om noko som ikkje går an å forstå? Det er fort gjort, kanskje uunngåeleg, å ende opp med å beskrive hendinga, men med ord eller innfallsvinklar som ikkje har vorte utforska før.

Ikkje tru at eg meiner at det er noko gale i dét, langt ifrå. Det er det einaste valet og verktøyet eg har. Sidan dette er avisandakta mi, bestemmer eg vinklinga, og kva er vel meir naturleg og livsnært enn å gå i barndommen.

Eg er forhåpentleg ikkje den einaste som har barndomsminne om langfredagar som aldri tok slutt, uansett kva aktivitetar eg prøvde å fylla tida med. Hadde eg flaks trong eg ikkje å vera med på gudsteneste på langfredag, for det var noko med den gudstenesta som berre stadfesta og forsterka kjensla av at sjølve tida hadde havarert.

Dette fenomenet, at tida sjanglar, har eg lagt merke til ved nokre få andre tilfelle i mitt eige liv. Det er dei gongene eg har venta på at noko svært alvorleg kan skje. Til dømes å venta på prøvesvar. Eller å venta på skriket til den nyfødde babyen. Det er kjensla av maktesløyse, at noko stort eller alvorleg som ligg utanfor kontrollen min er i ferd med å skje. Andre menneske har langt verre erfaringar med maktesløyse enn eg har. Valdelege parforhold, kontrollerande autoritetar, ein krig som rasar på utsida av ruinane som pleide å vera ein heim. Kjensla av maktesløyse er vond og lammande. Ein risikerer å bli kjempande ein håplaus kamp, og viss ein skulle vinna eit slag er det uansett i ramma av ein tapt kamp. Det er som at sjølve håpet har havarert.

Me menneske vil i løpet av livet oppleva både store og små langfredagar då mørket omgir oss som eit kvelande omsveip og at både tida og håpet har havarert. Likevel, det er noko rart og forførande med håpet. Håpet har ei evne til å manøvrere og navigere etter sjølv det minste lysglimtet.

I Det nye testamentet finn me historia om Jesu liv. I alt Jesus gjorde stod relasjonar i fokus. Når Jesus sette relasjonar så høgt er det som sann Gud og sant menneske. Ingen ting er viktigare for Gud, og ingen ting burde vera viktigare for oss. Det er lettare sagt enn gjort. Alle handlingar eller tankar som er relasjonsøydeleggjande kallar Gud synd. Dette blir mennesket bede om å unngå. Ikkje for at han ikkje toler det, men for at me ikkje toler det.

Salmediktaren Svein Ellingsen skriv i salme 614:

Hva vi med vårt opprør mot Gud har lagt øde, skal bøtes
den hellige time når død og oppstandelse møtes.

For Jesu næraste var det eit fullstendig nederlag. Det var dagen då håpet og tida havarerte. Mørket var komplett. For han som hang på krossen i midten var det ein siger av kosmiske dimensjonar som berre han forstår den fulle rekkjevidda av den dag i dag. Mørket hadde aldri ein sjanse.

Langfredag er alt dette. Langfredag er ein av mange paradoks i trua. På langfredag viser Gud at han meiner alvor med forpliktinga si og kjærleik til det han har skapt. På langfredag demonstrerer Gud at døden ikkje er slutten. På langfredag viser sårbarheita sin styrke.