SONG OG MUSIKK: Unni har bruka store delar av livet til song og musikk, og gitaren har vore ein trufast ven i alle desse åra. Ho tek gjerne gitaren fram den dag i dag.
Tom Arnesen
Tok med seg musikken til Sunds: – Eg hadde ikkje vett til å flytte heim
Med Hans Nielsen Hauge i slekta, er det kanskje ikkje så rart at livet til Unni Elisabeth Flatland har dreidd seg om song og musikk, og ikkje minst kristent arbeid. At ho hamna på Holtsås, var derimot ikkje så opplagt.
Ho kom til verda på A-hus i 1939, der både mora og faren jobba. Så kom krigen, og familien flytta tilbake til Fredrikstad kor dei opphavleg kom frå. Etter kvart kom det to sysken til: Kristine Andrea og Øyvind Kjell.