Bø torg laurdag 5. mai 2012. Maimarknad, torgdag. Lappeteppe. Bø Quiltelag laga til ein artig stand der folk blei oppfordra til å lage ein lapp til eit stort lappeteppe. Emma Richards (11) (t.v.), Marit Richards Omdal og Ingebjørg Strand er i sving med sine bidrag. Emma laga ein fin hjartelapp.
MEINING: Ingebjørg Strand. FOTO: Bø blad, arkiv

– Sviktande vurderingsgrunnlag for nedlegging av Folkestad skule?

Fyrst av alt vil eg gje honnør til ein bekymra bestefar, Thorleif Krøgli, som engasjerer seg med lesarinnlegg i Bø blad. Like eins til Søren Räpple-Freudenreich, FAU-vara og far til ein 3. klassing ved Folkestad skule. Stor ros til dei båe for deira innlegg om temaet elevundersøking i høyringsdokumentet til kommunen som gjeld eventuell nedlegging av Folkestad skule.

Eg støtter deira synspunkt fullt ut. I tillegg vil eg legge til fylgjande kommentarar:

Personleg stussar eg over ordlyden i spørsmåla i undersøkinga til elevane. Dei to siste spørsmåla har lite relevans og enda mindre om ein tenkjer at det burde vore økonomi som skulle vore grunnlaget for undersøkinga. For meg ga den nåverande undersøkinga ikkje meining. Det burde vera viktigare ting ein ynskjer å få svar på og da av økonomisk karakter fordi det er av økonomiske grunnar Folkestad skule er nedleggingstruga!

Ein annan ting er datagrunnlaget. Kva fortel dei?

Ein kan ikkje allmenngjera noko ut frå eit så lite datamateriale. Tal kan verke overbevisande, men tal er ikkje alltid nøytral informasjon. Eg viser til ein studie utført ved Winton Center for Risk and Evidence Communication ved universitetet i Cambridge. Der blei informantane spurt om følelsar og kor risikabelt det var å dø av Covid-19.

Mitt apropos til tal og prosent: Var talet 5 prosent svara deltakarane at det føltes ganske lågt. Blei talet 5 prosent presentert som 5 av 100 blei prosenttalet oppfatta som ein høg risiko.

Eg lurar også på kor viktig ein skule er i eit lokalsamfunn, og om det er sett på Bø skule sin bygningsstruktur og gjort ei undersøking på det økonomiske grunnlaget for å sjå om det ville gje innsparing. Er det plass eller ikkje på skulen? Kva vil ei ombygging av skulen koste? Dette hadde vore meir truverdig å legge til grunn for ei undersøking. Kanskje lærarane sine svar på ei undersøking ut frå deira pedagogisk ståstad hadde vore meir nyttig, eller noko frå skuleadministrasjonen?

Bø skule skal visstnok vera utforma slik at kvart klassetrinn har sin eigen inngang. Det var eit viktig førebyggande tiltak den gongen skulen ble bygd om. Viss elevane ved Folkestad skule blir flytta til Bø skule vil dette premisset vore meir logisk som eit betre grunnlag for ein diskusjon. Ut frå mitt synspunkt er undersøkinga ei tåkelegging. Eg har ikkje blitt klokare av denne elevundersøkinga.