I KARANTENE. Fleire klasser ved Bø skule er sett i karantene fredag 25. september.
MIDT-TELEMARK: Bø skule. FOTO: Bø blad, arkiv

«Fast and furious» på Bø skule

Me har lagt nokre turbulente månadar bak oss i 2024. Rykta om ei mogleg endring i skulestrukturen i Bø nådde oss innan me fekk det svart på kvitt i informasjonsskrivet frå kommunen 6. februar. Under ei veke seinare, vart det vedteke i kommunestyremøtet at kommunalsjefen fekk løyve til å utforska høve til å samlokalisera Bø skule og Folkestad skule. Han fekk også lov til å sjå på flytting av elevar med særskilte behov til Gvarv skole.

Etter den tid har det gått fort i svingane. Arbeidsgruppene har hatt møte på møte, og oppvekstsjefen har vore på turné rundt i kommunen og informert om planane dei har lagd og prøvd å selja inn dei ulike løysingane. Store og positive ord som medverknad, kvalitet og kompetanse, har vore overskrifta oppvekstsjefen har ynskt å setje på prosessen. Men, kva skjuler desse flotte orda?

Me meiner at ordet medverking er så mykje meir enn det me har opplevd frå kommunalt hold denne våren. Medverking let FAU, elevråd og dei tillitsvalde i skulen få tid og anledning til å ta inn over seg informasjon og inntrykk og såleis gje uttrykk for meiningane sine. Medlemmene i arbeidsgruppene skal få eit reelt høve til å vera ueinige og ikkje vera bunden av lojalitetsplikta til arbeidsgjevaren sin. Oppdraget frå kommunen til arbeidsgruppene har eine og aleine vore å finna gode argument og moglege løysingar for å gjennomføra samlokaliseringa. Dette har me, mot vår vilje, fått lov til å ha medverking på. Men i kor stor grad?

Så var det orda kvalitet og kompetanse. Kva er det dei skjuler? Kommunen har i fleire år bygd ned skuleverket i Midt-Telemark og har med dette bidrege til å redusera fagmiljøa i skulen. Årsverka har stupt, og dermed har også mykje kompetanse måtte vike. Saman med samlokaliseringa, skal ein også redusera arbeidsstokken, noko som talar imot utsegna om å styrka fagmiljøa.

Kvaliteten på opplæringstilbodet til elevane på Bø skule, er det som står på spel no som kommunen ynskjer å gjera ytterlegare kutt i skulesektoren, og i tillegg samlokalisera to skular. Bø skule er ein skule bygd for 500 elevar, noko me nærmar oss med stormskritt heilt på eiga hand. Ei samlokalisering med Folkestad skule vil, med dagens tal, nå 567 elevar. Me vil understreka at å driva eit godt og lovpålagt pedagogisk arbeid på ein skule, krev ein viss bruk av areal, og ikkje minst tilgang til rom. Dette er det med dagens elevtal allereie for lite av.

Avgjerda som vert fatta 27. mai vil vera av stor tyding for arbeidsvilkåra for elevar og tilsette på Bø skule i framtida. Me vonar politikarane set seg grundig inn i saka før dei fattar eit vedtak, og lyttar til dei tilsette på skulen.