MIDT-TELEMARK: Folkestad skule.
MIDT-TELEMARK: Folkestad skule. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Sats på å utvikle Folkestad skule til å bli enda betre

I økonomisk tronge tider er det naturleg at behovet for å beskytte barna våre blir sterkt, og at me gjer det som er muleg for at dei skal få leva og utvikle seg så godt som muleg. Me er villige til å gje avkall på mykje for at dei skal ha det bra. Intuitivt veit me at det er unganes ve og vell som danner framtida. Det er naturstridig å ofre ungane, for sjølve å sleppe lettare unna.

Som næraste nabo til Folkestad skule er eg vitne til korleis ungane spring og gjeng på skogs-stien bak huset mitt. Det er lett å sjå at dei trivast og kosar seg. Forsking viser at nærkontakt med natur fremmer fysisk og mental helse (dette veit me jo av eiga erfaring.) I friminutta er det mykje energi som får utløp, til dømes med fotballsparking, klatring, og mykje anna. Dei har ein svært populær akebakke, der det yrer av liv så snart det er litt snø på bakken. Eg ser at det er plass nok for dei til å få ut av seg energien dei har behov for.

Kva vil skje med desse ungane dersom dei blir stua saman med ungane på Bø skule og mistar denne fine nærkontakten med naturen; dei høge furutrea, skogen, mulegheiten til å kjenne alle, føle samhøyrigheit og tryggheit? Blir dei inneslutta, utrygge, trivast dei dårlegare? Da vil dette gå ut over evna deira til å tilegne seg kunnskap. I tillegg er eg alvorleg redd for at energien som dei treng å få utløp for kan komma ut i form av mobbing og hærverk, i staden for på ein positiv og konstruktiv måte.

Mange i dag slit psykisk. Da er det jo ekstra viktig å legge forholda til rette slik at ungane får så god start i livet som muleg. Når dei erfarer at vi vaksne i ord og handling viser dei at dei er verdifulle, får dei positivt syn på seg sjølve, slik at dei lettare utviklar seg optimalt. Dei får ein god start i livet.

MEINING: Marianne Løvlund. FOTO: Gro B. Røiland

Kva slag oppvekstvilkår ønsker vi å gje ungane våre? Det er avgjerande for kva slag samfunn vi kan rekne med å få i framtida.

Skal det fortsette å vera attraktivt for småbarnsforeldre å flytte til, og å bu i Bø, så treng me at Folkestad skule blir bevart (dette også for at ungane ved Bø skule skal få ha det like romsleg som nå). Skal kommunen ha ei levande, positiv framtid, er det jo heilt avgjerande at talet på ungar held seg og helst aukar. Difor bør me jo legge forholda til rette slik at ungane både i dag og i framtida får det så bra som overhodet muleg.

Den fantastiske dugnadsånda som er, og alltid har vori ved Folkestad skule må få leva. Den er så verdifull, for oss alle. Den skaper ringverknader i form av dugnadsvilje generelt.

Sats på å utvikle Folkestad skule, til stadig å bli enda betre, slik at den blir til inspirasjon og glede for alle som får oppleve den, sjå og høyre om den. Ein skule som ungane seinare vil sjå tilbake på med glede, og vissheit om at tida der ga dei ein verdifull grunnvoll vidare i livet.

La Folkestad skule bli ein skule me har grunn til å vera veldig stolte av.