Full sal og stjerner på scenen: – Korps er den kulaste hobbyen
Bø skulemusikk delte scene med musikarar av internasjonalt format under opningskonserten på Norsjø kammermusikkfest tysdag. Det blei ein stor suksess.
Norsjø kammermusikkfest opna sin tiande festival for nærmare fullt hus i Gullbring kulturhus. Dei om lag 350 som var benka i Storsalen fekk oppleve ein kremkonsert med musikk i mange sjangrar, frå ulike tidsepokar, av ulike komponistar, framført av musikarar i verdsklasse.