LIFJELL: Hyttefelt ved Jønnbu.
LIFJELL: Hyttefelt ved Jønnbu. FOTO: Øystein Akselberg

Meiner du noko om korleis Lifjell bør vere nå og i framtida? Da bør du få med deg dette

Midt-Telemark kommune jobbar nå med ein plan for korleis Lifjell skal vere dei nærmaste åra. Alle innbyggjarar kan kome med innspel og meine noko om utviklinga.

Kommunedelplan for Lifjell 2024-33 vil sette kurs og retningslinjer for kva som skal skje på høgfjellet i Midt-Telemark kommune dei neste åra.

Skal ein bevare eller byggje ut, og i kva for grad skal ein gjere det eine eller det andre, er viktige spørsmål i saka.

Kva som til slutt blir bestemt av politikarane vil uansett utfall få mykje å seie for korleis nærfjellet til innbyggjarane i kommunen blir i framtida.

Alle kan seie sitt

Engasjerer du deg i dette, er det viktig at du seier kva du meiner nå. Fristen for å kome med innspel er 26. mai, og både organisasjonar og privatpersonar har lov til å uttale seg.

I dag, onsdag 24. april, er det open dag på plankontoret viss ein har lyst til å få meir detaljert informasjon og svar på spørsmål rundt planen som ligg ute til høyring.

I kveld er det dessutan ope møte for alle på kommunehuset i Bøgata. Kommunen inviterer alle som er opptatt av utviklinga av Lifjell-området til dette møtet. Møtet varar frå klokka 19 til 21.

Kan delta digitalt

Dei som ikkje kjem seg til kommunehuset har høve til å følgje møtet digitalt via Kommune-TV. Her finn du informasjon om korleis du gjer dette: Kommune-TV eller besøk kommunens heimeside under politikk.

I møtet vil ordføraren ønskje velkomen før prosjektleiar Øystein Tveit gir ei innleiing og presenterer viktige delar av planen. Det vil òg bli moglegheit til å stille spørsmål til både administrasjonen og dei politiske partia, og ein kan få informasjon om den vidare prosessen.

Dei som vil delta digitalt blir oppfordra til å sende inn spørsmål til administrasjonen og politikarane på førehand på svro2606@mt.kommune.no.

Lifjell-planen

  • Forslag til ny kommunedelplan for Lifjell ligg ute til høyring.
  • Fristen for å kome med innspel er 26. mai.
  • Onsdag er det open dag på plankontoret.
  • Onsdag kveld er det høyringsmøte.
  • Sakspapira finn ein her.