MEINING: Gunnar Snippen
MEINING: Gunnar Snippen FOTO: Bø blad, arkiv

Ein liten korreksjon til Torbjørn Lahus

MTKE (Midt-Telemark kommunale eigedom AS) viser til spalta «meining» i Bø blad den 11. april, der Torbjørn Lahus skriv om manglande vedlikehald på Folkestad skule, og at «å ordne midlar til dette (…) er ei av dei oppgåvene som det kommunale aksjeselskapet (MTKE) er pålagt.»

Dette stemmer ikkje. MTKE er eigd av Midt-Telemark kommune, og skal utvikle, forvalte og vedlikehalde eigedomar for kommunen. Primæroppgåva skal ifølgje vedtektene vera kontor og næringsbygg.

Per i dag er MTKEs eigedomar desse:  Bøhamna barnehage og kroa på USN, bygga på Napastaa-området, Bekkevoll, Valenvegen 2 og 6, Gullbring kulturanlegg  og Gamleveg 37 (Talenthuset). Men altså ingen skulebygg.

Korreksjonen er derfor:  Dersom det manglar vedlikehald på Folkestad skule, er dette ikkje ei oppgåve MTKE har ansvar for.