MEINING: Knut Moe
MEINING: Knut Moe FOTO: Hilde Eika Nesje

– For meg ser det ut som at dei som har lagt fram planen om skulesamanslåing manglar noko kunnskap

Eg har med interesse lese det som har kome fram i samband med debatten om skulestruktur. Det er mykje eg lurar på.

Kva vinn ein, og kva tapar ein på samanslåing?

Dersom formålet bare er å spare pengar, er eg redd for at det kan bli ei «dyr sparing» (viss det i det heile er noko å spare. For mange elevar tett saman vil ofte føre til mistrivsel og uforutsette utgifter.

Er det talet på kvadratmeter (nok til at elevane får plass på eit minimumsareal) som styrer om det blir eit tilfredsstillande skuletilbod?

Eg var med på å planleggje og starte bygginga av det som nå er Bø skule.

Sjølv om det da ikkje var elevgrunnlag for tre parallellar på alle trinn (prognosene viste ein auke), fekk vi bygd slik at det var mogleg å ha tre klasserom på kvart trinn. Idéen bak det heile var at kvart trinn skulle bli ei eining, med felles inngang, garderobar og toalett. Dette for å få til eit miljø som mellom anna kunne redusere mobbing.

Å få til tre klasserom per trinn, gjekk ut over talet på grupperom. Nokre av klasseromma vart også litt for små til å ha plass til fulle klasser.

Heldigvis hadde vi rom som ikkje var i bruk som klasserom delar av dagen, mellom anna baseromma til SFO. Desse romma var gode avlastningsrom til mindre grupper når det var trong for det. Etter kvart har behovet for ekstra rom auka. Skulen har fått fleire elevar som har eit anna morsmål, og som treng å vere i mindre grupper delar av skuledagen. Vi hadde også erfaring med at å kombinere SFO-romma med klasserom, var ei dårleg løysing som førte til mykje ekstra arbeid for dei tilsette.

Skulen vart bygd for maksimum 500 elevar. Nå byrjar det talet å nærme seg med bare elevar som soknar til Bø krins.

Arbeidsromma for dei tilsette er basert på max tre klasser pr trinn.

Dersom det nå blir fire klasser per trinn, vil det føre til at ei klasse per trinn vil miste kontakten til resten av trinnet. Og korleis skal ein finne nok plass til arbeidsplassar med ein så stor auka i talet på tilsette.

På meg ser det ut som dei som har lagt fram planen om å slå saman Bø skule og Folkestad skule, manglar noko kunnskap om korleis ein skapar ein god skule, med godt skulemiljø. Nok kvadratmeter er ikkje nok for å få til ei god drift av skulen.

Å sende elevara med spesielle behov til Gvarv, er heller inga god løysing, viss det i det heile tatt er lov.

Etter mitt syn vil alle elevane i Bø tape på at Folkestad skule vert lagt ned. I tillegg blir mykje av det som var idéen/tanken for Bø skule øydelagt.

Mitt råd er at kommunen må behalde to barneskular i Bø. Folkestad skule er ein passe stor skule, med flott uteområde. Skulen er òg viktig for krinsen.