MIDT-TELEMARK: Folkestad skule.
MIDT-TELEMARK: Folkestad skule. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Me bekymrar oss over det manglande økonomiske perspektivet i rapporten

Me står i ein situasjon der me ikkje veit kva som er framtida for vår kjære grendeskule. Me har vore gjennom ein prosess der det er blitt sett på skulestrukturen i kommunen.

Elevane har vore med i prosessen ved at dei har svart på ei undersøking som er svært uheldig belyst i høyringsdokumentet som er presentert. Det er også uheldig at elevane i 1. og 2. klasse ikkje har fått moglegheit til å si meininga si i denne prosessen. Det er viktig å presisere at alle elevane som har svart, både 4. og 5. klasse, har eit stort ynskje om at me framleis skal vere ein eigen skule.

Me er ein mykje mindre skule enn Bø skule og skilnaden og overgangen for våre elevar her vil vere heilt annleis enn for dei på Bø skule som er vant med eit stort miljø frå før. På Folkestad kjenner alle elevane kvarandre i meir eller mindre grad, og alle elevane har god kjennskap til alle lærarane. Rammene og det sosiale miljøet rundt elevane på Folkestad er heilt annleis enn på Bø skule.

Det er fleire punkt i høyringsdokumentet me stiller oss undrande til. Me bekymrar oss over det manglande økonomiske perspektivet i rapporten. Det er vist til svært lite tal, både i form av ekstra kostnadar ved ei flytting, i tillegg til innsparingar ved ei eventuell samlokalisering. Bø skule er godkjent for 500 elevar, og må drivast på dispensasjon fram til ei eventuell oppgradering og utbygging. Kva blir kostnaden av dette? Kva skjer om Sletteliberga framleis skal bestå, og korleis skal det da løysast for å ha rom nok også til at me skal kunne drive med praktisk-estetiske fag? Er det rett at ei elevgruppe må bytte skule for at det skal bli plass til elevane på Folkestad?

Me ynskjer å drive og oppretthalde ein skule med mykje praktisk tilnærming i undervisninga, slik at elevane kan utforske og lære gjennom fysisk aktivitet og bruk av kropp og konkretiseringsmateriale. For at dette skal la seg gjere, treng me det unike læringsarealet som er på Folkestad skule, samt at me treng dei læringsromma som er både på Folkestad skule og på Bø skule.

Me skjønar at oppvekstsjefen har forsøkt å sjå dette med fokus på kvalitet og kompetanse i skulen. Og me skjønar at fagmiljøet for oss tilsette blir større av å vere ein skule. Me ser det ikkje hensiktsmessig eller pedagogisk lønnsamt å miste den unike læringsarenaen som Folkestad skule har å tilby. Folkestad er heldige som har eit rikt mangfald av læringsarenaer å spele på. Både bygget, skulegarden og område rundt skulen er aktivt i bruk i undervisning. I tillegg har me det siste året bygd ein skulehage som me gler oss til å ta i bruk i tida framover.

Det er viktig å påpeike at me ynskjer å ha elevane som krinsar til vår skule på skulen vår. Det er uheldig at me kun skal kunne tilby skulegang til dei elevane som vel nynorsk som skriftspråk. Bør ikkje elevane som skal gå på Folkestad skule ha same rett som elevane på Bø skule til å velje skriftspråk og ha moglegheit til å gå på sin nærskule? Om undervisninga er på nynorsk eller bokmål spelar svært liten rolle for oss som lærarar. Dei skal ha opplæring på begge målføre, men med vekting på det som er hovudmål. Me som tilsette på Folkestad ynskjer at alle våre elevar skal ha moglegheit til å gå på sin nærskule uavhengig av skriftspråk. Då bør me også på lik linje som Bø skule kunne legge til rette for at elevane kan få velje det skriftspråket som gagnar deira læring best i samarbeid med føresette.

Tilsette på Folkestad skule og Bø skule vil alltid jobbe for det vi meiner er det beste for elevane, uavhengig av økonomi og politiske vedtak. Me ynskjer politikarane lykke til med denne viktige avgjerda. Me forventar at alle dei som skal stemme i saka set seg inn i alle dei ulike perspektiva ei slik sak har. Kva for økonomisk konsekvens vil dette føre til for kommunen både på kort og lang sikt? Kva vil dette gjere med den einskilde elev si kjensle av tryggleik ?