NEI TIL HYTTER: Ellen Hageman (R) vil ha fuglar og natur, meir enn fleire hytter.
NEI TIL HYTTER: Ellen Hageman (R) vil ha fuglar og natur, meir enn fleire hytter. FOTO: Øystein Akselberg

– At det er dødt på Lifjell utan anleggsarbeid og hyttebygging er ein absurd påstand

I forbindelse med valkampen i fjor haust, gjorde Bø blad ei undersøking om bygging av hytter på Lifjell blant innbyggjarane i Midt-Telemark. Den viste at berre 24 prosent av midt-telemarkingane ville opne for meir hyttebygging. Det kan vere viktig å minne om når sterke utbyggjarinteresser nå er på ballen og dominerer ordskiftet både i møte med politikarar og presse.

På møtet om Lifjell-planen på kommunehuset sist veke, blei det sagt at det er gravemaskiner som skaper liv på Lifjell. Ifølgje grunneigarar og Frp er det dødt på Lifjell utan anleggsarbeid og hyttebygging. Det er sjølvsagt ein absurd påstand, og undersøkinga til Bø blad viser at innbyggjarane i kommunen vår ikkje er einige med Frp i denne saka. Og det er nok få andre enn dei som tener pengar på hyttebygging eller partia som representerer slike, som trur at det er gravemaskiner og sirkelsager som skaper liv i fjellheimen vår.

Nei, livet er der allereie, det. Livet består av dyr og planter (sånne grøne greier som driv med fotosyntese og dermed motverkar økt co2 i atmosfæren) og menneske som kan oppleve det heile. Gravemaskiner i fjellheimen skaper derimot sår i landskapet og ikkje minst støy. Støy som skremmer ville dyr og fråtar menneske mykje av den gode naturopplevinga dei set pris på.

Raudt i Midt-Telemark har ei enkel og grei løysing på diskusjonen om fleire hytter på Lifjell. Me treng ikkje bruke verken tid eller pengar eller mange ord i enda fleire utgreiingar. Svaret lar seg nemleg uttrykke på tre bokstavar. Raudt Midt-Telemark seier NEI til fleire hytter i kommunen. Me seier nei til at kortsiktig profittjag skal ta frå oss turområde som skulle vere for oss alle. Me seier nei til nedbygging av meir natur på Lifjell.

Men med nærare ettertanke kan me faktisk nøye oss med eit enda kortare svar. Me treng faktisk ikkje meir enn to bokstavar: For me seier også JA! JA til naturmangfald, ja til allemannsretten, ja til tilgjengelegheit, ja til gratis naturopplevingar. Ja, til stillheit, fuglesong og lyden av vind over vidda. Ja til hare, rev, lyng, mose og fjellbjørk. Ja til dyr på beite. Og ikkje minst: Ja til komande generasjonar, til barn og barnebarn og ein leveleg planet for oss alle.