SER PENARE UT: – Det hjelper ikkje, men det ser penare ut, sa Fagerås.
Marta Kjøllesdal
Kan gå 129 millionar i minus på tre år
Kommunen førebur seg på å lage nytt budsjett for i år og økonomiplan for dei komande fire åra, men det ser ut til at det blir vanskeleg å unngå Robek.
Robek er lista over kommunar som staten vil halde ekstra kontroll med dersom dei ikkje klarar å handtere økonomien. Bø og Sauherad kommunar har tidlegare vore på lista i mange år. Vel fire år gamle Midt-Telemark kommune har stadig hatt trusselen over seg.