REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Dei som skal avgjere framtida til Folkestad skule bør ha følgd godt med, og ikkje ta lett på det

Det har vore ein heftig vår i oppvekstsektoren. I ekspressfart og det som kan likne på eit lett pennestrøk, har administrasjonen for oppvekst og kommunedirektøren i Midt-Telemark bestemt seg for at det beste for kommunen må vere å legge ned Folkestad skule og flytte dei rundt 130 elevane til Bø skule. For å få til dette må i tillegg elevar med særskilte behov flytte frå nærskulen sin til Gvarv skole. Nå er det opp til politikarane å seie sitt, og dei første som får saka er oppvekstutvalet. Den 8. mai skal dei diskutere nedlegginga, og saka skal innom formannskapet før det blir endeleg avgjerd 27. mai.

I ei så stor og viktig sak, der det utan tvil vil bli omfattande inngrep i kvardagen til veldig mange innbyggjarar, får me håpe at politikarane har følgd godt med i timen og ikkje tek lett på det. Ein kvar som skal sette underskrifta si på denne saka bør ha lest dei 38 høyringssvara frå mange ulike instansar godt. Dessutan bør dei ha saumfart debatten i Bø blad. Saka har skapt eit utruleg engasjement frå mange hald, og det kjem slettes ikkje bare frå Folkestad krins. Det er ei eintydig retning i alle innspel som har kome: Dette er ein forhasta og altfor dårleg gjennomarbeidd plan.

Det blir etterlyst betre dokumentasjon, fleire reknestykke og eit kunnskapsgrunnlag som gjer det muleg å ta gode og riktige val for dei som skal styre kommunen politisk. Det som er sendt inn til kommunen og ytra offentleg av ulike meiningar er både godt grunngjeve og sakleg framført. Derfor må ikkje politikarane nå gå i herskefella og lene seg til flosklar som «det er jo mykje kjensler når det kjem til skulenedlegging».

Så klart er det kjensler, det skulle bare mangle når alt denne saka har handla om frå første stund er å spare pengar lynfort. Hovudmotivet og fokus har heile tida og utan blygsel vore retta mot økonomi. Dei aller fleste skjønnar at alle må bidra når pengeboka er slunken, men det er lov å protestere når det ikkje blir tid til å tenke godt gjennom det som skal skje, og når lettvinte løysingar blir presentert som fasit før dei er vurdert på skikkeleg vis. Pedagogiske omsyn og godt lærings- og undervisningsmiljø for dei som dette går utover har ikkje akkurat vore lengst framme i vurderingsprosessen. Når det i tillegg er så stor motstand blant dei som kan dette best og kjenner kor skoen trykker mest, kan det bli vanskeleg. Lærarar og faginstansar knytt til undervisningsmiljø trur ikkje på prosjektet, og det burde vere ein føresetnad for gjennomføring av det.

Så lenge det ikkje blir dokumentert eller sannsynleggjort korleis og kor mykje kommunen kan spare på kort og lang sikt, og kva for konsekvensar som kjem i kjølvatnet av ei nedlegging, og så lenge det ikkje er svært sterke pedagogiske grunnar for å gjennomføre ei samanslåing akkurat nå, bør kommunen vere forsiktig med å rote altfor mykje i ein sektor som allereie har mange andre store utfordringar å ta tak i.