MEINING: Olav Liestøl
MEINING: Olav Liestøl FOTO: Privat

– Eg oppfordrar politikarane til å gå gjennom prioriteringane i kulturbudsjettet

Olav Liestøl stiller i dette meiningsinnlegget spørsmål til prioriteringa i kultursektoren i Midt-Telemark kommune.

Eg ser i Bø blad nyleg at det er planar om å bygge om kinosalen i Gullbring. Ombygginga framstår som forholdsvis kostbar. I ei tid då Midt-Telemark kommune ser ut til å ha stø kurs mot ROBEK-lista (TA 8/5-24) er dette underleg.

Dersom det likevel skulle vere midlar til nye tiltak i kultursektoren, er det mange andre tiltak som, etter mitt syn, bør ha høgare prioritet.

Eitt eksempel er planane Bø museum har hatt om å flytte Vreim skule til Oterholt slik at skulebygda Bø tek vare på ein av dei gamle grendeskulane. Dette prosjektet er lagt til side på grunn vanskeleg økonomi. Eg oppfordrar med dette politikarane i Midt-Telemark kommune til å gå gjennom prioriteringane i kulturbudsjettet på nytt.