PROTEST: Leiar av Oterholt grendelag, Gregar Høidal, under ein protestaksjon ved kommunehuset før påske 2024.
PROTEST: Leiar av Oterholt grendelag, Gregar Høidal, under ein protestaksjon ved kommunehuset før påske 2024. FOTO: Hilde Eika Nesje

Fryktar at skulesamanslåing kan gjere det dyrare for Midt-Telemark kommune

Oterholt Grendelag har gjort seg nokre tankar om ei muleg nedlegging av Folkestad skule. Dei håpar politikarane les dette før dei bestemmer seg.

Styret i Oterholt Grendelag syns det er trasig at skulen i grenda vår er truga av nedleggelse. Så håper me med dette brevet at me kan få politikarane til å tenke seg ekstra godt om før avgjørelsen i kommunestyret 27. mai.

Ansatte og politikarar i Midt-Telemark kommune jobbar for at alle innbyggjarar i Midt-Telemark kommune skal ha ein god plass og bu og at tenestene i kommunen skal være dei beste i kommunen me bur, dette gjelder både helse, oppvekst og tekniske tenester. Dette fortalte oppvekstsjef Pia Groven-Robertsen i møte med foreldre på Folkestad skule tidligare i mars.

Så litt tanker rundt dette og Folkestad skule.

Folkestad skule er samlingsplassen vår på denne sida av elva. Her samlast alle elevar frå Folkestad, Liheia, Breskelia og Vreimsida. Det er ca 125 elevar på skulen, så det er ingen liten skule. Fleire som me har prata med kallar det ein ideal-skule, altså ein passeleg størrelse på ein skule. Her har elevane god boltreplass og eit fint uteområde syns me, nå er det også satt i gang med å bygge ut med både skulehage og det er og andre planar framover. Elevane kjenner og er på fornavn med kvarandre, dette gjer til at grenda samlar seg. Me er fleire innflyttarar i styret og på grunn av treffpunktet på skulen så blir me godt kjente i lokalmiljøet på denne sida av elva.

Litt av historia må også med. Folkestad skule har blitt bygd mykje på dugnad. Siste utbygginga på starten av 90-talet var gjort mykje på dugnad av folk i grenda. I tillegg har me i grenda gått inn med eit stort beløp til Folkestad skule den gong Løvlund Handelslag blei lagt ned. Bygget til Løvlund Handelslag blei solgt for 325 000 kr i 1994. 113 000 kr gjekk i 1995 til stolar og bord i gymsal, koppar og kar på kjøkkenet og opprusting av kjellaren/ sløydsal. Resterande beløp, altså 212 000kr blei overført til Bø kommune som da skulle brukast til Folkestad skule.

Me har òg avtale på at me kan bruke Folkestad skule som «grendehus». Dette er noko som bind sammen grenda til det positive. Me har stor 17. mai-feiring for både unge og gamle i grenda som er ein årleg tradisjon, me har og kjørt filmkveldar for ungane i grenda. Dette er ting som gjer til eit godt miljø i grenda og det gjer til at me på denne sida får eit godt bumiljø. Dette er viktig for denne delen av bygda Bø. Kva skjer me dette framover visst evt. Folkestad skule skal bli bruka til noko anna? Mistar me plassen til 17. mai feiring og andre sosiale aktivitetar?

Så litt tankar/ spørsmål til rapporten som har komme ut:

Me forstår at skulestrukturen kjem opp på agendaen når vår kommune må spare pengar. Da må ein sjå på alt som ein kan spare pengar på. Me syns prosessen har gått altfor fort. Ei så stor inngripen som å legge ned ein såpass stor skule som da bare skal flyttast inn i eksisterande bygg på Bø skule. Me forstår dette med fagmiljø osv. Men ein skulle kanskje tru at ved å kanskje ha felles administrasjon for skulane så kunne ein få eit breiare fagmiljø og samarbeid på tvers? Når ein nå i april også les om bekymring frå lærarane på Bø skule angåande plassen på Bø skule ved evt. samlokalisering så bør alarmklokkene ringe.

Me føler òg at det er mange ting som ikkje er avklara enda, og kva vil dette koste? Står at det jobbast med, men er ikkje det tall som burde vært på bordet før ein legg ut ein rapport og forslag om nedleggelse. Me stiller oss undrande til dette. Skal det sparast pengar så må alt vært tenkt gjennom og alle tall må på plass, først da kan ein tenke om det er noko å gå vidare med. Kanskje det bare blir dyrare for Midt-Telemark kommune? Viser til kommunesamanslåinga som me synest gjekk den vegen. Det vil me ikkje skal skje med oppvekstsektoren og som då gjeng på bekostning av våre unge innbyggjarar.

Kan nemne:

  • Rømmingsvegar og brannsikring med så stort påfyll av elevar. Er skulen bygd for dette? Kva vil det koste?
  • Trafikksituasjonen jobbast med. Kva blir prisen på dette?
  • Er det budsjettert med at alle elevane på denne sida skal få transport pga. farleg skuleveg over Oterholtbrua?
  • Ventilasjon på Bø skule når det skal inn ca. 125 elevar til i eksisterande bygg?

Det står òg i rapporten at elevtallet går ned i Midt-Telemark kommune. Dette stiller me oss undrande til om dette gjelder for Bø og Bø skulekrins? Her har det vore stor tilflytting og god vekst nå i mange år, så det virkar rart. Eller er det totalt visst me og tek med Sauherad-delen av Midt-Telemark kommune?

Så styret i Oterholt Grendelag ber om at denne skulesaka tenkast nøye i gjennom og at det brukas god tid for å fram alle talla i saka slik at ein kan sjå kva ein virkelig sparar på å gjere dette.

Må og tenke på kva som er best for innbyggjarane på denne sida av elva som mistar sin store samlingsplass i grenda.

Me håpar våre politikarar tenker på dette når dei skal bestemme seg den 27. mai 2024.