LEIAR: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
LEIAR: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag FOTO: Kristianne Marøy

– Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg, og grunnlovfeste jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk må sikrast ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Noregs Mållag ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vera viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.

I dag er det berre samisk språk som har eit vedteke grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtta tala «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I lov om språk (språklova) blir det slege fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene, enn at dei ikkje gjer det.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vera ei modernisering av Grunnlova. I 2024 kan vi feira  jubileum for to viktige nynorskvedtak i nyare tid. For 50 år sidan, i 1974, vedtok Stortinget at lærebøker til bruk i skulen skulle koma til same tid og same pris. Dette vedtaket var avgjerande viktig for å sikra elevar retten til likeverdig opplæring i alle fag på nynorsk. For 10 år sidan, i 2014, vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast i to jamstilte versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål. At det mest grunnleggjande dokumentet for staten Noreg då kom på nynorsk, var ein viktig symbolsk siger for nynorsken.

Det vil vera ei fin markering av desse jubilea at det i denne stortingsperioden kjem eit framlegg om å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk, med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Då kan det neste Stortinget for fyrste gong røysta ein slik paragraf inn i Grunnlova.