NASJONALDAGEN: 17. mai-toget på Gvarv i 2023.
NASJONALDAGEN: 17. mai-toget på Gvarv i 2023. FOTO: Øystein Akselberg

– Ein livsviktig dag, og me treng ein påminnar

Nasjonaldagen står for døra, der fridom og fred, god nasjonalkjensle og demokratiet vårt blir hylla. Det fargesterke norske flagget vil vere godt synleg i alle krikar og krokar, og fargeleggje både små og store lokalsamfunn denne fredagen i 2024.

Me har grunn til å glede oss og vere takknemlege for denne feiringa. 17. mai i Noreg vil likevel alltid stå i sterk kontrast til det som foregår i resten av verda. Slik har det i grunnen alltid vore i alle dei åra som me har hatt fred i det vakre landet vårt. Det pågår alltid ein krig eller fleire på jorda, det er dessverre verkelegheita. Nokre av dei er svært synlege, andre blir gløymt i årevis. Konfliktområde og krigar har likevel kome nærmare trygge Noreg dei siste åra, og det som skjer i særleg Gaza og Ukraina har sett sinna i kok. Det blir protestert og mange er engasjerte, og fleire nordmenn opplever at verda har blitt meir utrygg. Likevel er det altfor lett å fortsatt sitje på den grøne grein i eit land langt mot nord og bare ha det godt i overfloden. Å få ei påminning om det me har og det me må ta vare på, er derfor livsviktig slik at det ikkje blir sjølvsagt. Det kan me absolutt bruke nasjonaldagen til, samtidig som me skal få lov til å vere takksame og glade.

Me treng likevel ei påminning, og nokon må snart byrje å riste godt i oss. For demokratiet er skjørt, og det opne og transparente samfunnet me har er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Det skal lite til å vippe det av pinnen dersom føresetnadene er dei rette. Å bruke stemmeretten er til dømes noko me må skjerpe oss på. Valdeltakinga byrjar å bli pinleg låg, og utviklinga er skremmande. Stadig fleire yngre melder pass, og mange gidd rett og slett ikkje gå til stemmeurna og seie sitt, kanskje fordi dei trur det ikkje hjelper likevel. Men det gjer det. Me har eit valsystem der kvar stemme tel. Dette ser me særleg i lokalsamfunnet, der eit valresultat av og til kan bli avgjort bare av ei eller få stemmer.

Ytringsfridomen er ein grunnleggande menneskerett som blir verna og halde i hevd i eit velfungerande demokrati. Også den er skjør, til og med i Noreg. Dei som sit på makta kan like eller mislike den, men eitt er sikkert: Den er korrigerande og livsviktig. Det ser ein til dømes i mindre lokalsamfunn som Midt-Telemark. I vår kommune kjem den mellom anna til syne i lokalavisa, der terskelen er låg for å ytre seg. Debatten går høgt om fleire saker for tida, og det er nydeleg å sjå at midt-telemarkingane engasjerer seg og brukar mulegheiten til å meine. Slik er ein òg med på å styrke lokaldemokratiet, så fortsett med det! Så får ein håpe at dei som har fått mandat til å styre på vegner av oss både lyttar og følgjer godt med på debatten.

Hurra for demokrati og ytringsfridom, og god 17. mai!