LIKAR PROSJEKTET. Mona Sæbø Støren tykkjer prosjektet til Martin Ytreland er spennande og vil vere bra å ha på cv-en for studentar.
Marta Kjøllesdal
Vil tilby studentar plass på Bø sjukeheim
Midt-Telemark kommune har fått 250.000 kroner til eit prosjekt der dei vil leige ut hyblar på Bø sjukeheim til studentar.
– Det er ikkje så utbreitt, men no har me søkt Statsforvaltaren om eit prosjekt, student i sjukeheim. Eg har tenkt på det lenge at det hadde vore interessant, men det har vore pandemi og anna som har gjort det vanskeleg. I vår søkte me og fekk tilslag på 250.000 kroner.