JULI 2024: Arbeidsløysa aukar.
Illustrasjon NAV
Midt-Telemark høgt på lista: Fleire unge arbeidsledige
Fleire registrerte seg som arbeidsledige i juli. Midt-Telemark ligg høgt på lista, og arbeidsløysa er høgast blant dei unge.
6 143 personar, og 2,9 prosent av arbeidsstyrken, var registrert som arbeidsledige i Vestfold og Telemark i juli, ifølgje NAV. Dette er ein auke på 391 personar frå juni, og 881 personar samanlikna med same periode i fjor. Arbeidsløysa er litt høgare her enn gjennomsnittet i landet.