ASBJØRN OG ASBJØRN: Asbjørn Tolo har overtatt stafettpinnen, som Asbjørn Knutsen i si tid hadde fyrst.
Gro B. Røiland
Asbjørn fekk draumejobben i «eliteserien»: – Det kjennest veldig godt
Asbjørn Tolo (47) gjekk aldri sjølv på folkehøgskule, men utdanna seg til å bli folkehøgskulelærar. Nå er han ny rektor på Sagavoll og gler seg til skulestart.
I mars i år blei det klart at Asbjørn Tolo hadde fått jobben som ny rektor på Sagavoll folkehøgskole, Noregs eldste kristne folkehøgskule, skipa av namnebror Asbjørn Knutsen i 1893. Torsdag 1. august hadde han sin fyrste dag på ny jobb.