FLAUM I MIDT-TELEMARK: Her står vatnet godt opp til Gåra-brua.
Privat
Ny plan for evakuering klar: – Robust grunnplan i Midt-Telemark
Evakuering er eit grunnleggjande beredskapstiltak. Ein ny rettleiar frå DSB skal nå hjelpe kommunane med å planleggje og øve på evakuering av innbyggjarar ved kriser.
Kommunane har eit generelt og grunnleggjande ansvar for befolkninga si sikkerheit og tryggheit innanfor sine geografiske område. Nå tilbyr Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) ein rettleiar som kommunane til dømes kan bruke til å øve på evakuering av innbyggjarane.