TAKK FOR INNSATSEN: Huseigar Per Ingvar Haukeland i Breskelivegen takkar Eivind Skoe Karlsen for innsatsen på flaumdagen.
Øystein Akselberg
Eivind stilte opp under flaumen: – Du har redda mykje for mange
Eivind Skoe Karlsen var på plass i Breskelia med gravemaskina si då bekken frå Bryggefjelliane gjekk over sine breidder 22. juli.
Eivind Skoe Karlsen, entreprenør og maskinførar i firmaet Groven og Karlsen AS, er tilbake i Breskelia som blei utsett for styrtregnflaum 22. juli i år. No har det gått over tre veker sidan himmelens sluser opna seg over Bryggefjell og Lifjell.