STUDENT: Rebekka Fredly skal bli lærar, og gler seg til å bli ferdig med utdanninga.
Hanna Søgnen
– Eg har alltid hatt lyst til å bli lærar, eg har aldri vurdert noko anna
Stadig færre unge vil bli lærarar, men for Rebekka Fredly (24) frå Bø har det aldri vore nokon tvil.
– Eg har alltid hatt lyst til å bli lærar, og har faktisk ikkje vurdert noko anna. Det eg likar med yrket er at ein får jobbe tett på unge menneske og at ein gjer ein forskjell. Det er eit variert og sosialt arbeid, og ein får jobbe med interessante fag og falde seg ut kreativt, seier Rebekka Fredly.