HAGERESTAURANT: Estetikken og stemninga er viktige faktorar for Eilertsen og Lindheim.
Adriana Sòria Peris
Det er nokon som verkeleg får det til
Det er nokon som alltid veit kva dei snakkar om, og kva dei driv med. Dei gjer det bra og får det til, på sitt heilt unike vis. Når ein klarar å finne ein nisje i marknaden som slår til, er det moro å drive bedrift. Slik har det vore på Lindheim Ølkompani i sommar. Dei som har vore der i løpet av ferien, og det er mange, veit kva det handlar om. Nytt av året har vore utekjøkken med servering av pizza i hagen. At det har slått til er mildt sagt. Tusenvis av pizzaer er selt, og sommaren har vore mykje meir hektisk enn det drivarparet såg for seg da dei lanserte tilbodet. Pizza til folket har blitt ein hit både blant turistar og midt-telemarkingar.