HEILAG FISKELYKKE: Alt går ikkje alltid etter planen (illustrasjonsbilde)
Privat
– Verda er full av fiskarar som kjem tomhendte heim
For mange år sidan, den gongen barna mine var små og det beste dei visste var å henge med pappa, var me på fisketur. Eg hadde fortalt om sommarferieminna mine frå trøndelagskysten, der det var umogleg å ikkje få fisk. Fisketuren vår gjekk ikkje til kysten, men innover i fylket. Me skulle til eit passe stort vatn som Skien jeger- og fiskarforbund gjekk god for. Fiskeferdigheitene måtte eg stå for sjølv.