SIDESPRANG: Camilla Skiaker Mælen frå Akkerhaugen er fast spaltist i Bø blad.
Hilde Eika Nesje
– Det ligg ei spenning i lufta dei fyrste vekene på skulen
Camilla Skiaker Mælen har vakse opp i Hardanger, og flytta frå det eine epleheradet til det andre (Sauherad) før tusenårsskiftet var eit faktum. Ho bur på Akkerhaugen med god oversikt over aktiviteten på Norsjø. Av yrke er ho lærar, og ho starta karriera på Akkerhaugen skule før ho flytta arbeidsplassen sin ut i periferien til Gvarv skole og vidare til Bø skule. Ho likar å strikke, har mann og fire barn og reiser med jamne mellomrom over Haukeli.
Det er september, men det er framleis sommarljost store delar av døgnet. Lufta har blitt kjøligare og vinden lagar vakre bylgjer i dei mogne kornåkrane. Plommene er søte, og epla heng tunge på trea. Er me ute, kikkar me opp når det flyg ein høglytt og utolmodig flokk av gjess gjennom lufta.