– Gjer det du kan for å unngå tap og skadar, seier Lein, som gjennom fleire år som ingeniør i kommunen har observert mange kjellarar som har blitt oversvømt på grunn av naturkatastrofar.
Han peikar på at det er viktig å førebu seg på mulege farar ved å ha ein god beredskapsplan på plass. Beredskap og førebygging er sentrale faktorar som ein må vektlegge når både private og offentlege aktørar skal førebu seg på store flaumar eller andre naturfenomen som kan gjere stor skade.
– Å ha ei heilskapleg tilnærming til skadeforebygging og -handtering bør vere første prioritet. Dette krev samarbeid mellom alle involverte partar, inkludert myndigheiter, bedrifter, organisasjoner og enkeltpersonar. Bare slik kan me vere rusta til å handtere uforutsette hendingar, meiner Lein.
Tips til forebygging av naturskadar
Flaum:
- Tenk over kva for veg vatnet naturleg vil renne. Sørg for at det er fall frå huset og eit stykke ut, slik at vatnet renn frå og ikkje mot bygget.
- Følg med når det er litt nedbør og mindre betydeleg flaum, kor renn vatnet? Må det leiast ein annan veg? Fungerer dreneringa som den skal?
- Rensk opp i rister og kummar jamnleg for å unngå at dei tettar seg.
- Sjekk at stikkrenner er opne, om dei er for små må dei byttast ut.
- Dersom ei nær elv treng sikring, kontakt kommunen/NVE og meld frå om behovet.
- Har du kjellar der vatn tidlegare har kome inn er det sannsynleg at det skjer igjen. Tenk på kva som blir satt der og lagre ting over golvnivå, gjerne i plastkasser.
- Installer grunnvatnpumpe og sjekk den jamnleg. Sørg for at filter er fri for rusk og rask.
- Ikkje alle kjellarar er laga for bustadformål, så ta ei grundig vurdering av skadepotensialet før ein grovkjellar gjerast om til boligdel.
Skred:
- Eigarar av eigedom er ansvarleg for sikringa av denne. På same måte har kommunen eit ansvar for sikring av sine område, og i nokre tilfelle blir sikringa og førebygginga eit samarbeid mellom grunneigar og kommunen. Ta tak i sikringsproblematikk så snart den er aktuell. Huset kan forsikrast og byggast opp igjen, men det er faren for liv ein er mest bekymra for.
- Ha eit bevisst forhold til eigedomen og dei farane som er der. Ta ein sjekk for lause steinar og masser i bevegelse. Kritiske tidspunkt er ved mykje nedbør, mykje snø og ved overgang frå varmt til kaldt (frost/is) og omvendt.
- Sjekk også mur/støttemur som held massar på plass.
Førebygging av skadar er ikkje omfatta av forsikring, men det er likevel viktig at me tenkjer førebygging i kvardagen. Det er bare da ein kan unngå å gå igjennom den påkjenninga det er å få ein skade, sjølv om forsikringa dekker den.
Storm:
- Sikre lause gjenstandar.
- Sørg for god forankring på bodar og mindre bygg.
- Ta ned trampolina og ta båten opp av vatnet før stormsesongen.
- Ta ein sjekk om tre nær bygningar kanskje bør fellast.
- Reinsk opp i takrenner før nedbør.
- Tenk vind når leveggar, overbygg og gjerde blir bygd.
- Sørg for nødvendig vedlikehald, som for eksempel at råteskada bygningsdelar blir skifta ut og rustne spiker blir erstatta.
Kva gjer eg når flaumen rammar meg?
Om du blir ramma av flaum er det viktig at du bidrar for å berge liv og gjere skadane som måtte komme så små som muleg. Sørg for at du og dine nærmaste kjem i sikkerheit og sjølv ikkje blir utsett for skade.
Har du mulegheit, følg desse tipsa:
- Ta bilde når skaden skjer og etterpå. For å dokumentere skade må det vere detaljbilde og oversiktsbilde slik at ein ser kor detaljen høyrer til og kor vatn er i forhold til bygning eller innbu.
- Vurder sjølvsagt å varsle naudetatane. Meld frå om skade så snart som muleg. Få hjelp frå fagfolk.
- Forsøk å få vatn raskt vekk frå skadeområdet, ta lause gjenstandar ut av vatnet, hev opp møblar til over vatnet sitt nivå om muleg. Sett på avfuktar viss du har dette, når vannet er fjerna.
- Sikre bygningskonstruksjonar som står i fare for å kollapse viss dette er forsvarleg med tanke på sikkerheit.
NITO
NITO er Noregs største fagforeining for ingeniørar og teknologar med bachelor, master og høgare grad med over 110.000 medlemmar.