STYRTREGN: Det kan kanskje bli slikt vêr til natta.
Marta Kjøllesdal
Farevarsel for mykje nedbør: – Midt-Telemark kan bli hardast ramma
Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for mykje regn på deler av Sør- og Austlandet. Nå ber vegvesenet alle om å halde seg orientert fordi vegar kan bli stengt på kort varsel.
Den kraftige nedbøren som er meldt det neste døgnet er venta å gje lokale oversvømmingar og erosjonsskadar på vegane, noko som kan gjere dei uframkomelege og farlege å ferdast på. Det er også fare for vassplaning, ifølgje Statens vegvesen.