– Alt tilgjengeleg mannskap er ute for å rydde opp etter det kraftige regnvêret i natt, fortel Borgar Slørdal, seksjonssjef for vegdrift i Telemark fylkeskommune.
Mykje er øydelagt
Jordskred og flaum har gitt betydelege øydeleggingar fleire stader, men det er i Midt-Telemark og på Notodden regnvêret har herja mest.
– Me prioriterer vegane i områda der folk er innestengt, slik som på Bolkesjø og på Klevarsida, samt hovudferdselsårene, seier Slørdal, og legg til at personane som stod fast på Fv. 33444 Bolkesjø nå er henta ut.
Det er til dels store skadar på vegane fylkeskommunen har ansvar for, dette gjeld særleg Fv. 3344 mellom Follsjø og Bolkesjø, der vegen er vaska bort to ulike stader.
Klokka 13 onsdag er fortsatt åtte fylkesvegar heilt stengt som følgje av øydeleggingane.
– Nokre stader får me ikkje oversikt over skadane før vatnet har trekt seg tilbake, andre stader ser me allereie nå at øydeleggingane er så store at vegen ikkje kan opnast i dag. Publikum kan halde seg oppdatert på vegvesen.no/trafikk, seier Slørdal.
Han legg til at det er eit godt samarbeid med Statens vegvesen og vegtrafikksentralen for å finne så gode omkøyringsruter som muleg.
Liste over stengte fylkesvegar lenger ned i saka.
Desse fylkesvegane er nå stengt:
Fv. 3282 Valebø
Fv. 3336 Grivi i Midt-Telemark
Fv 3342 Notodden
Fv 2218 Engrav i Nome
Fv. 3330 Tjønntveit på Notodden
Fv. 3342 Klevarsida i Midt-Telemark
Fv. 3344 mellom Follsjø og Bolkesjø
Fv 3336 Hørte