– Eg er optimist, men det vil ta litt tid å få rydda opp
Knut Pedersen sin eigedom ved Gvarvvegen har fått store skadar i flaumen i dag. – Dette skal me ordne. Eg gjer aldri opp, for da har ein tapt, seier Pedersen.
I Gvarvvegen 121 bur Knut Pedersen saman med hunden sin. Lien gard ligg på oppsida av riksvegen og er kjend som den tidlegare oksestasjonen i Bø. Han har budd på staden sidan 2010.