FLAUM: Lifjellvegen sommaren 2024.
FLAUM: Lifjellvegen sommaren 2024. FOTO: Marianne Seltveit

Fleire vegar i kommunen er stengt eller oversvømt

Statens vegvesen har stengt fleire vegar i Midt-Telemark, og melder at fleire kan bli stengt på kort varsel.

Meteorologisk institutt sendte ut oransje farevarsel for kraftig nedbør tysdag kveld og natt til onsdag. Nedbøren har treft Midt-Telemark med full styrke, og fleire stader er det nå lokale oversvømmelser og skada vegar. Statens vegvesen ber alle trafikantar om å halde seg godt orientert om situasjonen på vegane der dei skal køyre.

Regnet bøttar ned over Midt-Telemark: 30 personar evakuert

Ved 03.30-tida er desse vegane stengt eller oversvømt

  • Riksveg 36 er stengt to stader: Ved Ytre Stranda ved Lauvstad og Gjernes, samt ved Kåsamoen. Ifølgje Vegvesenet vil Strannavegen truleg vere stengt til ut på føremiddagen onsdag.
  • Det er også utfordringar med vatn ved avkøyringa til Oredalen ved Gvarv, der det er meldt om oversvømmelse.
  • Ved Håtveit mellom Gvarv og Bø er det også flaum som påverkar to køyrefelt på riksveg 36
  • Ved Djupskås på Oterholtvegen er også fylkesveg 3334 meldt oversvømt.
  • Fv. 3330 på Vatnarvegen er også ramma av flaumen like ved Vatnarvatnet.

Kommunen har sett krisestab: – Jorda er hundre prosent metta

Også fleire vegar i Nome og rundt Notodden er stengt eller oversvømt. Det er derfor lurt å sjekke på Vegvesenet sine sider før du tar bilen ut på onsdag:

Her kan du sjekke kva for vegar som er stengt: https://www.vegvesen.no/trafikk)