Onsdag morgon er Midt-Telemark prega av nattas styrtregn. Klokka 05 melder kommunen at evakueringa på Beverøya fortset, og at det også er evakuert eit hus i Sperrudvegen, som ligg like ved campingplassen.
– Totalt 36 personar er så langt registrert ved evakuerings- og pårørandesenteret i Gullbring. Røde Kors og psykososialt kriseteam er òg i beredskap og blir aktivert ved behov, opplyser kommunikasjonsansvarleg i Midt-Telemark kommune, Marte Midthun Lie.
– Me jobbar òg med å oppretthalde god helseberedskap for dei som nå er innesperra. AMK er på og hovudredningssentralen er informert.
Mange stengte vegar
Styrtregnet har også ført til mange stengte vegar i kommunen, og Midthun Lie opplyser at dei jobbar iherdig med å få oversikt.
– Midt-Telemark kommune oppfordrar alle som har mulegheit til å unngå unødig køyring og ha heimekontor om muleg. Barnehagar og skular held ope onsdag 4. september, men det vil vere utfordrande med skuleskyss. Føresette får i løpet av morgontimane beskjed om at dei som ikkje kjem seg på skulen kan bli heime utan fråvær, opplyser Midthun Lie.
– Det er viktig at ein kontaktar naudetatane viss ein treng hjelp, legg ho til.
Her kan du halde deg oppdatert på kommunale vegar:
https://midt-telemark.kommune.no/aktuelt/
Her kan du halde deg oppdatert på fylkes- og riksvegar:
https://www.vegvesen.no/trafikk/kart#/?lat=59.34754&lng=9.69503&zoom=8&layer=fer,tra,ctv,tfl