KÅSIN GÅRD: Haldis Kåsin og Jan Odden Kåsin med eigenprodusert eplemost og jegerpusen Ludde.
Gro B. Røiland
Let seg ikkje knekke av verken jordrotter eller hagl
Etter gode år med mykje og fin frukt, har jordrotter og haglskur torpedert årets avling. Men Haldis og Jan på Kåsin gård på Akkerhaugen har ikkje mista motet.
Haldis Kåsin (47) er fjerde generasjon på garden Kåsin like ved Sauherad kirke. Oldefar kjøpte garden i 1924. Slekta har drive med eple i periodar tidlegare, men det var korn på åkrane da Haldis og mannen Jan Odden Kåsin (55) overtok garden.