Nasjonale tiltak frå 28. oktober 2020
Her er dei nasjonale smitteverntiltaka som gjeld alle frå 28. oktober 2020. I tillegg til desse har også nokre kommunar lokale tiltak, som du finn på kommunens nettsider.
Generelt
- Vask hender
- Hald avstand
- Bli heime viss du er sjuk
- Avgrens talet på folk du møter privat
Arrangement
- Maks 50 personar på private samankomster utanfor heimen (på offentleg stad og med ansvarleg arrangør)
- Andre arrangement kan ha inntil 200 personar til stades
- Maks 600 personar på utandørs arrangement, der alle sit i fastmonterte sete
Private heimar og sosial kontakt
- Anbefaling om maks 5 gjestar i tillegg til dei du bur saman med
- Viss gjestane er frå same husstand kan det vere fleire enn fem
- Barnehagebarn og barneskulebarn kan vere saman med si faste gruppe
Idretts- og fritidsaktivitetar
- Barn og unge under 20 år har unntak frå 1-metersregelen. Ein kan nytte felles utstyr
Restaurantar, kafear og uteliv
- Minst ein meters avstand mellom gjestar utanfor same husstand
- Sitteplassar for alle gjestar, bordservering av alkohol og det skal bli registrert kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til dette
Barnehage og skular
- Elevar og tilsette med nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle skal ikkje møte i skule eller barnehage
Kollektivtransport
- Hald minst ein meters avstand
- Unngå rushtid
Kjelde: www.regjeringen.no
Kommuneoverlegen råder dessutan alle som lurar på kva som er gjeldande reglar for smittevern, arrangement og samankomster til å sjekke dette på helsenorge.no.