Ifølgje ei pressemelding frå Midt-Telemark kommune er det oppdaga eit nytt tilfelle av ein covid-19-smitta person i kommunen.
Kommunen fekk melding om dette laurdag ved 13-tida.
– Personen er tidlegare definert som nærkontakt til ein smitta og har til nå vore i karantene. Den smitta er nå sett i isolasjon. Det er ikkje behov for ytterlegare smittesporing, heiter det frå kommunen.