Reiug mellom eigar og trenar Kjetil Roe (t.v.) og kusk Kai Johansen. Foto: Hesteguiden.com
Tråvhesten Reiug leverte eit storløp på Jarlsberg tråvbane laurdag kveld. Alle dei beste 4-åringane i landet var samla til Det Norske Tråvselskap sin V75 haustfinale og Nils Østbys Minneløp. Tida blei 1.25,2 over 2.120 meter og 100.000 kroner i premie. Ein flott pokal blei også med heim til Roe. Eigarar er Åse Brekke Roe, Kjell Hultman og Kjetil Roe, som også er trenar for hesten.