120419-Jugend-i-Bø-18

300.000 til Frivilligsentralen

120419-Jugend-i-Bø-18

Møteplass. Pengane Bøf har fått skal gå til å gjere Skoghaugen til ein uformell møteplass.

Til uformelle aktivitetar og utstyrsbank

Bø Frivilligsentral (Bøf) har fått 300.000 kroner frå Barne-, ungdoms og familiedirektoratet.

– Det er me svært glade for, seier Elisabeth Haugen, dagleg leiar ved Bøf.

Haugen opplyser at pengane skal gå til prosjektet Møteplassen og til å oppretthalde tilbodet ein alt har for barn og unge. Målet er å lage ein uformell og uorganisert aktivitetsrena der fri fysisk utfalding og trivsel er hovudmålet. Støtta går blant anna til ope hus for barn i femte til sjuande klasse etter skuletid, utstyrsbank og ein alternativ møteplass for ungdom.