Venta i seks månadar på plass
Fylkeslegen har funne tre avvik i tilsynssaka mot tildelingskontoret og heimetenesta i Bø kommune. Ein person venta i seks månader før han fekk sjukeheimsplassen han skulle ha .
Det var i vinter at Fylkeslege Steinar Aase varsla tilsyn med Bø kommune etter at Varden skreiv om ei kvinne som fekk tildelt plass på sjukeheimen, men ikkje faktisk fekk noko rom. Aase peika på at det ikkje var forsvarleg pasientbehandling, og at det i tillegg tok ifrå pasienten klageretten.
No er tilsynet gjennomført og utkast til rapport føreligg.
Les meir om kva Fylkeslegen fann i papiravisa til Bø blad eller kjøp avisa på buyandread.no.