2016-09-gullbring

Rekordbra besøk i Gullbring

2016-09-gullbring

Godt besøk. Gullbring kulturanlegg har hatt ein knallgod vår når det gjeld kulturbesøk. Arkivfoto.

Rekordbra vår i Gullbring

– Fyrste halvår i 2016 lovar godt for Gullbring kulturanlegg. Frå januar til og med juni er det selt 4.520 billettar til storsalen, opplyser arrangements- og marknadssjef Kristian W. Rantala. Med 23 framsyningar gjev det eit gjennomsnitt på 196 selte billettar per framsyning. Storsalen har i alt 396 sete. – Våren 2016 har vore den best besøkte våren sidan me starta å føre statistikk i 2004, seier Rantala.