161019-eple1

Eplehelsing frå Sauherad

161019-eple1

Makta i Midt-Telemark og Telemark fylke fekk smake eple frå Sauherad sist måndag.

I 1990 etablerte Opplysningskontoret for frukt og grønt Den Norske Epledagen 17. oktober. Fruktkommunen Sauherad var sjølvsagt med, da dagen blei markert sist måndag.

På Gvarv er det fast ordning med utdeling av eple til skuleelevane kvar dag, men på epledagen sender kommunen også smakshelsing til gode naboar. Ordførarar og rådmenn i Notodden, Skien, Nome og Bø fekk eple og eplemost av beste slag, ein smak fekk også fylkesmannen og fylkeskommunen. I tillegg fekk barnehagar, legesenter og andre institusjonar og støttespelarar ein smak av haustens godsaker.

Eple er eit svært populært produkt i Noreg. Kvar nordmann et ifølge Opplysningskontoret for frukt og grønt litt over 10,6 kg i året. I 2015 hadde me eit totalt forbruk på 55 178 tonn. Nest etter bananer er eplet vår store frukt. Eple kjem opphavleg frå Kasakhstan og Kaukasus, men har i Noreg nærmast blitt synonymt med norsk matproduksjon.