– Apple Aid samarbeider med Grenlandsaksjonen
Bjørg Andersen har samla inn klede til Grenlandsaksjonen i Bø i over 20 år. No gjer helsa og arbeidet til Apple Aid at ho sluttar å ta imot klede i Bø.
– Eg blir framleis aktiv i Grenlandsaksjonen sjølv, seier Andersen.
Ho har hatt mottak ein gong i månaden, dei siste åra på Frivilligsentralen. No har Apple Aid ope heile tida på Storkaas og Andersen seier at mange tykkjer det er enklare å levere der.
– Apple Aid samlar inn utstyr til same området i Romania som det Grenlandsaksjonen gjer og samarbeider med Grenlandsaksjonen, seier Andersen.
Les meir om Bjørg Andersen og fleire lokale saker i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett hjå buyandread.no.